Mannsmøte

Ein møteplass for fellesskap, vennskap og gode samtalar.

Mannsmøte i Volda Frikyrkje er ein uformell og sosial møteplass for menn i alle aldrar og livssituasjonar. Her ønskjer vi å skape eit fellesskap der vi kan bli betre kjende, byggje vennskap og dele både små og store ting i livet.

Vi samlast stort sett annankvar måndag til ein kaffikopp og gode samtalar. Her er det rom for å snakke om livet slik det er, med både gleder, utfordringar og spørsmål vi ber på. Nokre gonger tek vi utgangspunkt i ein bibeltekst, medan andre gonger samtalar vi om tema som dei frammøtte ønskjer å ta opp. Vi ønskjer at det skal vere ein trygg og open møteplass, der vi kan lytte til kvarandre, dele erfaringar og oppmuntre kvarandre i kvardagen.

Innimellom finn vi også på andre ting saman, som å sjå ein film, reise på tur eller samlast til praktisk arbeid og dugnad.

Vi trur at gode fellesskap er viktige, og at vi alle treng menneske rundt oss som vi kan dele livet med. Gjennom mannsmøta ønskjer vi å leggje til rette for vennskap, gode samtalar og rom for spørsmål om livet og trua. Her er det plass til både alvor og humor, tru og tvil.

Du treng ikkje vere medlem i kyrkja eller ha ei kristen tru for å delta. Her er det plass til deg, akkurat slik du er.

Ta gjerne med ein kamerat, nabo eller kollega!

Velkomen til mannsmøte i Volda Frikyrkje – vi håpar å sjå deg!

Sjå kalenderen vår for informasjon om neste samling.

For å holde deg oppdaterte og få med deg kva som kjer, så oppfordra vi til at du melder deg inn i vår komunikajsonskanal Spond. https://spond.com/invite/HZSIF

For meir info:
Ta kontakt med Sverre Lande - mobil 91705469
eller sjå på facebookgruppa vår.

Powered by Cornerstone