Gudsteneste

Du er velkomen til gudsteneste i Volda Frikyrkje.

Vi har ulike gudstenesteteam som planlegg og gjennomfører gudstenestene. Dette gir variasjon i innhold og sangvalg, likevel har vi alltid faste programpostar slik som velkomst, songar, truvedkjenning, tekstlesing, tale, bøn og velsining. I etterkant av gudstenesta serverer vi kyrkjekaffi, enkel kakemat og ein god prat rundt borda.

Parallelt med vanlege gudstenester har vi alltid Søndagsskule (0-6år), Tårnagentar (1.-4.klasse) og Tweens (5.klasse +)

VÅREN 2021:  Følg med i kalenderen. Så lenge vi ikkje kan treffast produserer vi jevnleg digitale gudstenester som vert delt på Youtube-kanalen vår.
Søndagsskule og Tweens har samlingar med påmelding.

COVID 19: Vi fylgjer dei til ein kvar tid gjeldande smittevernreglane.
Vi ber deg som kjem til kirka passe på dette:

  • Hald deg heime om du føler deg sjuk
  • Hald god avstand til andre enn egen husstand
  • Sit mest mogleg i ro på tilvist plass
  • God handhygiene med handvask og/eller sprit
  • Ta på minst mogleg medan du er i kyrkja

Generasjonsgudstenesta - MØTEPLASS
Gudstjenesten der alle generasjoner møtes.
Her skal være noe for alle aldre og livssituasjoner. Oppmuntring og påfyll som vi kan ta med oss i kvardagen.
Kreativ formidling av dagens tema.

STØYPERIET Volda
STØYPERIET er ein  møteplass for unge vaksne og studentar i regi av Volda Frikyrkje. Gudstenestene som er kl 18 vil vere retta særleg mot aldersgruppa 20-35 år, men er open for alle. Vi ønskjer å vere ein fellesskap der du kan kome akkurat som du er. 

Powered by Cornerstone