Volda Frikyrkje er eit kristent fellesskap for alle generasjonar, med Jesus Kristus i sentrum. Her møtest menneske med ulik bakgrunn og i ulike livssituasjonar. Vi ønskjer at du skal kjenne deg velkomen og finne din plass hos oss – anten du har ei kristen tru, ber på spørsmål eller er nysgjerrig på kva tru og kyrkje kan bety i livet ditt.
Vi trur på Gud som Far, Son og Heilag Ande. Bibelen er Guds ord og rettesnora vår for tru, lære og liv. I sentrum står bodskapen om Jesus Kristus, som døydde og stod opp for oss. Vi trur at frelsa er ei gåve vi får ta imot av nåde, ved tru på Jesus – ikkje noko vi kan gjere oss fortente til.
Som kyrkjelyd samlast vi om Guds ord, bønn, dåp og nattverd. Saman vil vi bli betre kjende med Jesus og følgje han i kvardagen. Vi ønskjer å vere eit fellesskap der vi deler gleder og utfordringar, tek vare på kvarandre og hjelper kvarandre til å vekse i trua.
Born og unge har ein særleg plass i kyrkjelyden. Vi ønskjer at dei skal oppleve tilhøyrsle, bli kjende med Jesus og få bruke evnene og gåvene sine. På tvers av generasjonane vil vi dele Guds kjærleik i ord og handling – i Volda og vidare ut i verda.
Vi feirar gudsteneste nesten kvar søndag, med kyrkjekaffi og tid til samtale etterpå. Gudstenestene er opne for alle, og du treng ikkje vere medlem for å kome. Gjennom veka har vi ulike aktivitetar og møtepunkt for store og små. Les meir under Møtepunkt.
Volda Frikyrkje høyrer til Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja og deler trusgrunnlaget og vedkjenninga hennar.
Rune Tøsse er pastor i Volda Frikyrkje, og har saman med eldsterådet ansvar for å leie og utvikle kyrkjelyden, medan diakonrådet har særleg ansvar for omsorg og praktiske oppgåver. Kyrkjelydsmøtet er det øvste organet i kyrkjelyden.
Arbeidet vert bore av frivillig teneste og er i stor grad finansiert gjennom gåver frå medlemer og andre som ønskjer å støtte kyrkjelyden.
Volda Frikyrkje vart ein sjølvstendig kyrkjelyd i 1993, etter at Ørsta Frikyrkje gjennom fleire år hadde drive arbeid i Volda. Ved starten hadde kyrkjelyden omlag 20 medlemer. Frå dette vesle utgangspunktet har fellesskapet vakse og utvikla seg.
Hausten 2012 vart ein ny kyrkjesal med plass til om lag 250 personar innvigd. Utbygginga gav betre rom for gudstenester og andre samlingar, og frigjorde delar av det gamle kyrkjebygget til andre aktivitetar.
Historia handlar også om møteplassar for menneske i ulike livsfasar. Gjennom Volda opne barnehage har kyrkjelyden skapt ein stad der små born og vaksne kan møtast til leik, aktivitetar og fellesskap.
I 2019 tok ei gruppe studentar og unge vaksne initiativ til Støyperiet. Dei fekk vere med på å forme ein møteplass med gudstenester, lovsong og sosialt fellesskap, og tok sjølve ansvar for store delar av arbeidet.
Den 6. september 2026 vart Rune Tøsse ordinert og innsett som pastor i Volda Frikyrkje. Dette etter at Søve Hatlen avslutta ei ove 19år lang teneste som pastor, ved åsskifte 2025/2026
Vi er takksame for alle som har vore med på å byggje kyrkjelyden gjennom åra. Saman ønskjer vi å føre historia vidare – med Jesus i sentrum og eit fellesskap der nye generasjonar kan finne tilhøyrsle, vekse i trua og bruke gåvene sine.