Bøn

Du er velkomen til bønemøter i kyrkja

Torsdag kl.20.30-21.30

Søndag kl.10.30-10.45

Vi har eigne bønevertar til kvar gudsteneste, desse har på seg eit lite skilt og du kan ta kontakt om du ynskjer forbøn i etterkant av gudstenesta.

Bønneteneste

Bøn er ein av grunnpilarane i kyrkja sitt liv. Slik har det vore i hele kyrkja si historie og vi i Volda Frikyrkje
står også i denne lange tradisjonen. Jesus ba og lærte også læresveinane sine å be. Fadervår er bøna som har
blitt kyrkja si bøn gjennom alle tider. Den bruker vi også regelmessig i vår kyrkje.
Bøn er ikkje først og fremst ein aktivitet, men ein relasjon til Gud. Når vi ber så samtaler vi med han. Bøn er
noko vi oppmuntrar til å både gjere åleine, i dei enkelte familiar og i mindre fellesskap. Vi legg også opp til
felles bøn i kyrkja slik at vi saman kan søke Gud, fordi det ikkje alltid er så lett å be åleine og for å styrke fellesskapet i kyrkja vår.

Bønnemøte kvar torsdag

Kvar torsdag mellom 20.30 og 21.30 møtes vi i kyrkjesalen til å vere stille i lag, be i lag og å lese ifrå bibelen i lag. Ein kan be høgt eller ein kan be stille.
På slutten av bønnemøte blir det opna for forbønn for dei som ynskjer det. Vi ynsker at det skal være lav terskel for å be om forbønn

Bønnemøte søndag før gudsteneste

I forkant av alle gudstenester inviterer vi til eit kort bønnemøte bak i kyrkja mellom 10.30 og 10.45.
Alle er velkomen til å sitte ned ei kort stund til bønn eller i stillheit. Vi ber spesielt for dei som har oppgåver under gudstenesta.

Bønnevert gudsteneste

På alle gudstenester vil det vere ein bønnevert som vil vere tilgjengeleg for forbønn. Ein kan også ta kontakt
med møteleiar eller pastor. Bønneverten har også eit spesielt ansvar for å be under gudstenesta.

Bønnekrukke

Er det spesielle ting du ynskjer at vi som kyrkjelyd skal be for, kan du skrive dette på ein lapp og legge den i
bønnekrukka som ligg rett innanfor døra til kyrkjesalen. Det ein skriv på kvite lappar blir lest opp på
gudstenestene og på bønnemøta. Dei lilla lappane blir ikkje lest opp, men blir tatt med i forbøna.

Forbønnsgudstenester

På tre gudstenester i semesteret vil vi spesielt innby til forbønn.
Om ein ynskjer å bli bedt for, kan ein ta kontakt med:
Pastor Sølve Hatlen, mobil 41923251 – e post voldafrikyrkje@gmail.com
Leiar i bønnetenesta Sigrun Knardal, mobil 99338408
Ein kan også ta kontakt med dei andre i bønnetenesta om ein ynskjer det.
Alle i bønnetenesta har skrevet under på skjema for teieplikt.

Oversikt bønneansvar - Tilgang kun for bønnetenesta

Bønnetenesta i Volda Frikyrkje består av:
Leiar Sigrun Knardal, Astrid Tonheim, Hans Ottar Magnussen, Irene Nygård Støyle, Kjell Petter Wiik og pastor Sølve Hatlen

Leiar bønetenesta

Leiar bønetenesta

Sigrun Lindhom Knardal

99338408
sigrun.knardal@gmail.com

Powered by Cornerstone