Invitasjon til Alpha-kurs
Har du nokon gong lurt på om det finst meir mellom himmel og jord? Lurer du på kva kristen tru eigentleg handlar om – eller om det i det heile tatt har noko med deg å gjere?
Då er Alpha-kurset noko for deg! Hausten 2025 er du velkomen til å bli med på Alpha-kurs i Volda Frikyrkje.
Alpha består av 10 samlingar i tillegg til ein weekend- tur. Kvar samling varer i 2 timar og inneheld mat, undervisningsfilm og ein gruppesamtale der du kan seie kva du meinar. Når som helst, dersom du syns kurset ikkje passar for deg, kan du avslutte.
Det kostar ikkje noko å bli med på Alpha, men om du blir med på weekend vil den koste omlag 1000 kr for eit døgn med full bevertning.
Alpha er for alle. Undervisninga oppmuntrer til å snakke saman og utforske det grunnleggjande i kristen tru. Det er venleg, ope og uformelt. Ingen spørsmål er for store eller små, og du har anledning til å delta i samtalen så mykje eller så lite som du sjølv ønsker. Undervisningsfilmane er på engelsk, dei er teksta til norsk, men er og tilgjengeleg med tekst på 75 andre språk.
Kurset blir på onsdagar og oppstart er 10. september med oppmøte kl. 19.50.
Anten du er skeptisk, søkande eller trur – du er hjarteleg velkomen. Vi gler oss til å utforske tru saman med deg!
Påmelding eller spørsmål?
Kontakt Sølve Hatlen på 419 23 252 eller pastor.volda@frikyrkja.no
Påmelding: https://forms.gle/i9fTSKz6U3qLYFjh6
Promovideo: https://youtu.be/MNkn9U_6SFQ?si=MQg0EQL5LynvhjLo
Stad: Volda Frikyrkje, Gamletufta 1, 6104 Volda
Ta med ein ven, eller kom åleine – du er hjarteleg velkomen uansett!
— Volda frikyrkje —
Barn og unge er ein viktig del av Volda Frikyrkje.
Vi ynskjer å byggje åpne fellesskap der barn og unge vert sett, møter Jesus og utrustes til å leve som hans etterfølgjarar.