Bli medlem i Volda Frikyrkje

Eit fellesskap å høyre til – og vere med på å forme.

I Volda Frikyrkje er du hjarteleg velkomen, anten du er medlem eller ikkje. Mange tek del i gudstenester, aktivitetar og fellesskapet vårt utan å vere medlemer, og det er heilt i orden. Vi ønskjer at kyrkja skal vere ein open møteplass der menneske i ulike livssituasjonar kan finne tilhøyrsle, bli kjende med Jesus og vekse i trua.

Dersom du kjenner at Volda Frikyrkje er kyrkjelyden din, vil vi gjerne invitere deg til å bli medlem.Evangelisk Lutherske Frikirke,

Eit fellesskap gjennom livet

Vi ønskjer å vere ein kyrkjelyd der vi deler både tru og kvardag, gleder og utfordringar. Eit fellesskap der vi tek vare på kvarandre, ber for kvarandre og står saman gjennom dei ulike fasane i livet.

Dåp, konfirmasjon, vigsel og gravferd er ein naturleg del av livet og tenesta i Volda Frikyrkje. Gjennom desse viktige hendingane ønskjer vi å vere til stades med omsorg, fellesskap og kristent håp.

Kva inneber det å vere medlem?

Å vere medlem handlar om meir enn å stå på ei medlemsliste. Det handlar om å høyre til i eit kristent fellesskap, der vi saman ønskjer å følgje Jesus, vekse i trua og dele Guds kjærleik med menneska rundt oss.

Gjennom medlemskap uttrykkjer du at du ønskjer å vere ein del av kyrkjelyden og ta del i fellesskapet, ansvaret og tenesta. Samtidig tek kyrkjelyden på seg eit ansvar for å vise omsorg og støtte deg gjennom livet.

Medlemskap med stemmerett gir deg også høve til å påverke retninga og utviklinga til kyrkjelyden gjennom kyrkjelydsmøtet.

Korleis blir eg medlem?

Volda Frikyrkje er ein del av Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Kristen dåp er grunnlaget for medlemskap, og du kan bli medlem sjølv om du er døypt i eit anna kristent kyrkjesamfunn.

For å få stemmerett i kyrkjelydsmøtet må du ha fylt 15 år, vedkjenne trua på Jesus Kristus og slutte deg til Frikyrkja si vedkjenning. Ein av dei eldste vil gjerne ha ein samtale med deg om kva det inneber å vere medlem i kyrkjelyden.

Dersom du er medlem i eit anna trus- eller livssynssamfunn, må du melde deg ut der før du kan bli registrert som medlem i Frikyrkja. Er du allereie medlem i ein annan frikyrkjelyd, kan medlemskapet enkelt overførast til Volda Frikyrkje.

Ønskjer du å bli medlem, eller har du spørsmål om medlemskap, dåp, konfirmasjon, vigsel eller gravferd?

Ta gjerne kontakt med pastoren vår eller ein av dei eldste. Vi tek gjerne ein prat med deg, heilt uforpliktande.

Medlemskap for born og unge

Born og unge under 26 år kan også vere medlemer i ei eller fleire av barne- og ungdomsgruppene våre gjennom FriBU Volda. Dette er eit eige medlemskap knytt til aktivitetane for born og unge. Les meir.

Pastor

Rune Tøsse

97 14 85 97
pastor.volda@frikyrkja.no

Powered by Cornerstone