Kyrkjelydsweekend 8.-10.september

22.08.2023

Velkommen til ei helg fylt med fellesskap, aktivitetar for både store og små, god mat,
fellessamlingar, song, leik og mykje prat.
Vi ynskjer å legge opp til ein sosial og akkurat passe aktiv helg, med god tid til å vere i lag
Eige opplegg for barn og unge
Oppmøte frå klokka 18 på fredag. Det tar ca 1,5 time å køyre frå Volda - Kveldsmøte kl 19.
Heimreise etter middagen kl 13 på søndag
Eit meir detaljert program vil bli sendt ut i løpet av kort tid.
Ta med sengetøy/sovepose (kan også leigast) utekle, gode sko til tur og ei kake eller noko
anna godt som vi kan kose oss med på fredag- og laurdagskvelden.
Inviter gjerne med ein venn eller ein nabo.
Priser for heile helga:
Voksen over 18 år kr. 1250
13 – 17 år kr. 1200
5 – 12 år kr. 880
Max pris pr. familie: kr 4300,00
Ein kan sende påmelding til pastor.volda@frikyrkja.no eller på sms 41923251 (Sølve)
Påmeldingsfrist 3.sept
For komiteen
Sølve Hatlen

Powered by Cornerstone