STILLING LEDIG : Ungdomsarbeidar ca.20%

26.05.2023
Den Evangelisk Lutherske Frikirke har ca.21 500 medlemar delt på vel 80 kyrkjelydar. Volda Frikyrkje er ein kyrkjelyd med 140 medlemar, der ca. 50 av dei er barn og unge. Kyrkja ligg i eit byggefelt utanfor sentrum, med skule og barnehage som næraste naboar. Volda Frikyrkje er ein aktiv kyrkjelyd, med variert aktivitet for barn og unge. Vi har tilsett pastor (80%) og kontorleiar (20%).

Arbeidsbeskrivelse ungdomsarbeidar:

  • Planlegge og medverke til møtepunkt for ungdommar og studentar
  • Følgje opp ungdommane i kyrkjelyden
  • Ungdomsarbeidar kan sette sitt preg på stillinga utifrå interesser og utrustning
  • Personleg eigenskapar vil bli vektlagt

Ungdomsarbeidet i Volda Frikyrkje heiter UiF, og har siste året hatt ungdomssamlingar annankvar laurdag. Det er mulig det blir endring på dette. "Støyperiet" er enkle kveldsgudstenester annakvar søndag, og har studentar og unge vaksne som målgruppe. Kvelden avsluttast med kafe.

Søknad med CV sendast til kontor.volda@frikyrkja.no

For meir informasjon - kontakt Kjell Wiik, tlf 90177297

Oppstart hausten 2023

Søknadsfrist 7. juni 

Powered by Cornerstone