Tilsynsbesøk hausten 2021

08.09.2021

Kvart tredje år har kyrkjelydane i Frikyrkja tilsyn. Tilsynsmannen har ei vegleiar-rolle for kyrkjelyden og vil både følgje med på den generelle tilstanden til kyrkjelydeane, men også hjelpe med konkrete og aktuelle utfordringar. Det er viktig for tilsynsmannen å få god kontakt med menigheitslemane, og lytte og observere medan han er her. Vår tilsynsmann i Vestre Presbyterium er Lars Øystein Folkedal frå Karmøy Frikirke. Han har ikkje vore hos oss før, så ta vel imot han!

Tilsynsbesøk hausten 2021

Om du vil ha ein samtale med tilsynsmannen, ta gjerne kontakt for å avtale:
e-post: lars.folkedal@frikirken.no tlf: 97038419

 

Program for tilsynsbesøk 16-19.sept

Torsdag

Kyrkjelydsmøte kl 19-20.30

Eldstemøte kl 20.30-22

Fredag

kl 10-11 Samtale med Kjell Wiik, kontorleiar og styrar i open barnehage

kl 11-12 Samtale med Eli Hatlen, FriBU leiar

kl 12 Samtale med Sølve Hatlen, pastor

kl 18-19 Samtale med diakonrådet

Laurdag

kl 10-12 Tilsynsmannen er tilgjengelig for samtale på kontoret i frikyrkja.

Kl 14 Påfyll: undervisning, inspirasjon og samtale

ved tilsynsmannen: Tema: Bønn

Kl 15 Middags-servering – påmelding

Ca 15.30 Samtale med bønnetenesten

Søndag

Kl 11 Gudsteneste og enkel kyrkjekaffi

Powered by Cornerstone