Kyrkjelydspost september 2020

06.11.2020

Planer Hausten 2020

Hausten blei ikkje heilt slik vi har tenkt oss. Uvisse om Korona gjer at vi har gjort nokre endringar. Det er vanskelig å seie noko sikkert om korleis koronasituasjonen kjem til å sjå ut framover hausten. Vi kjem til å ta ei ny vurdering rundt haustferien. Alle gjennomførte arrangement blir sjølvsagt gjennomført i samsvar med råd og retningslinjer frå Folkehelseinstituttet samt lokale og nasjonale myndigheiter.

-          Søndagsskule, tårnagent og tweens blir i fyrste gang avlyst fram til haustferien – sjå punkt under om gudstenester

-          Fredagsklubben blir avlyst fram til haustferien

-          Basar blir utsatt til etter jul. Vanskelig å gjennomføre ein basar med stort kakebord, lotteri og kaffikos rundt borda. Vi håper å få til ei litt enklare erstatning, f. eks etter ei gudsteneste.

-          Kyrkjelydsweekenden blir avlyst i haust.

-          Påfyll kjem til å bli arrangert som planlagt

-          Bønnemøte torsdagar kl 20.30 – 21.30 blir gjennomført som planlagt.

-          Formiddagstreff på tysdag formiddag blir avlyst fram til haustferien

-          Mannsmøte kjem til å starte opp i løpet av september

 

 

Gudstenester

Etter ei lang pause utan fysiske gudstenester i vår, starta vi opp igjen 16. august. Gudstenestene vi har hatt til no i haust har vist at det går an å møtes, til tross for Koronaen. Vi håper alle har opplevd det trygt og at smittevernstiltaka har vore tydelige og forståelige.

Sidan det ikke blei søndagsskule, tårnagent og tweens så hadde leiarane der ynskjer om å bruke sine ressurser inn mot gudstenesteteama, med målsettinga om å lage familievenlige gudstenester som kan passe for folk i alle aldre. Gudstenestene framover vil vi derfor bli leia av og gjennomført i samarbeid mellom søndagsskuleleiarar og gudstenesteteama.  

 

Kyrkjekaffi

Etter mange veker og månader med liten sosial kontakt så opplever vi at det er eit behov for å treffast. Vi ynskjer derfor å starte opp att med kyrkjekaffi om ikkje så lenge. Til å begynne med blir det enkel kyrkjekaffi med berre kaffi, te og saft. Etterkvart så håper vi å servere litt mat også. Det er strenge reglar for å servering av mat og drikke. Her følger vi retningslinjene frå folkehelseinstituttet og frå Frikyrkja sentralt. Meir info kjem etter kvart.  

 

 

 

Konfirmatar hausten 2020

I haust har Volda Frikyrkje 3 konfirmantar som skal konfirmerast i Den Norske Kyrkja. Edina Heltne, Johannes Vadstein og Raken Bruheim. Oppmoder alle til å hugse på dei, både i bøn og på andre måtar. Dato for konfirmasjonar stod i Møre 29. august.  

 

Konfirmantar 2020/21

Det er lenge sidan vi har vore så mange konfirmantar i Volda Frikyrkje. Heile 8 konfirmantar skal følgje konfirmanteundervisninga. 5 frå frikyrkja, 1 frå pinsekyrkja og 2 frå Ørsta/Volda misjonsforsamling. Alle undervisning skal foregå i Frikyrkja.

Ein startar opp med bli kjent tur den 11.- 12. september. På gudstenesta den 13. sept blir alle konfirmantar presentert.

Veka etter begynner ein med ordinær undervisning, med 3 undervisningskveldar i månaden.

Leiarar er: Sølve Hatlen, Håvard Strand, Steffens Stensland og Jean-Sebastian Rouxe.      

 

Bønnemøte i forkant av gudsteneste - Bønnevert

I haust har vi starta opp med bønnemøte mellom 10.30 og ca 10.45 i forkant av alle gudstenester.  Vi ynskjer alle velkommen til ei stille stund der vi kan be saman, høgt eller stille.

Vi samlast bakerst i kafeen, eller etter kvart bakerst i kyrkjesalen. Bønnemøta er sjølvsagt ope for alle. Gudstenesteteam, forsongarar, talar, teknikarar, musikarar og andre som er med på å planlegge gudstenesta er spesielt invitert til vere med i 3 eller 5 minutt, alt etter kva ein har anledning til.  Dersom det er spesielle ting nokon ynskjer at vi skal be for, så gjer vi sjølvsagt det.

 

Den som har ansvaret for bønnemøte vil ha ein lapp der det står – BØNNEVERT. Bønneverten har også eit spesielt ansvar for å be under gudstenesten. Dersom ein ynskjer å be saman med nokon etter gudstenesta, eller ynskjer forbønn, kan ein ta kontakt med bønneverten.

 

Bønnemøte

Velkommen til bønnemøte kvar torsdag 20.30 – 21.30. Velkommen til ei stille stund, til tekstlesing, til felles bønn og til forbønn om ein ynskjer det. Vi samlast rundt lysgloben vår inne i kyrkjesalen.

 

Påfyll – temasamlingar om tru og liv

Påfyll blir arrangert kvar 3. søndag kl 19.30. Målet er å gi ein god introduksjon og belysning av temaet og med høve til samtale i ei trivelig ramme etterpå, for dei som ynskjer det

 

 

 

 

 

Heimeside

Heimesida våra har ikkje vore gjort noko med på lenge. I haust kjem vi til å lage ei ny heimeside. Har du lyst å vere med å utarbeide ny heimeside, så ta kontakt med kontorleiar.  

 

Reinhaldsinstruks til alle som bruker kyrkja

Det er utarbeidd reinhaldsrutiner til alle som bruker kyrkja. Dei er både enkle,  lett å gjennomføre og dei tar ikkje særleg med tid – sjå vedlegg.

 

Volda opne barnehage starter opp att

Dersom smittesituasjonen i Volda ikkje endrar seg, så kjem open barnehage til å starte opp att onsdag 9. september. Barnehagen har vore stengt sidan mars og vi klør litt i firngrane etter å starte opp. Vi har innført ganske strenge smittevernstiltak.

 

Ny internett

Vi har bestilt fiber til kyrkja og vi vil då få eit mykje kraftigare Internett enn det vi har no. Sist veke gravde dei kabel fram til veggen av kyrkja og forhåpentligvis så kjem dei snart og fullfører jobben inne.

 

Digital lederkonferanse 23. september

Frikirken inviterer til digital lederkonferanse 23. september kl 19-21. Alle leiarar i frikyrkja vert oppmoda om å sette av denne kvelden. Vi tenker å sjå den samla i på storskjerm i kyrkjesalen, men det er sjølvsagt mogeleg å følgje konferansa heime og. Påmelding til kontorleiar innan 13. sept.

https://frikirken.no/er/item.aspx?itemid=962

 

Har du ting du ynskjer å ta opp?

Har du spørsmål, ting du ynskjer at eldsterådet skal ta opp eller er det noko du ynskjer at vi skal diskutere på kyrkjelydsmøte?

Send e post, ring eller legg eit brev i kostkassa som står i gangen.

 

Volda 1. september 2020

 

Kjell P. Wiik

Kontorleiar 

Powered by Cornerstone