Kalender/Konsert med Ingebjørg Ådnanes

Konsert med Ingebjørg Ådnanes

Fredag den 1.oktober kl20:00 kjem Ingebjørg Andrea Ådnanes (blant anna kjent frå The Voice 2021), saman med pianisten Simon Madsen til Volda Frikyrkje for å ha konsert. Konserten deira vil ha eit variert repetoir med alt frå heilt nytt og sjølvskrive materiale, til nye og eldre perler henta frå både populærmusikken og fremst frå den kristne songtradisjonen. Mange av desse vil bli ikledd nye, spanande arrangement. Dette blir ei magisk oppleving du rett og slett ikkje vil gå glipp av!

Billettar kan kjøpas på: https://ingebjorgandreamusic.ticketco.events/no/nb/e/konsert_i_volda_frikyrkje
På grunn av smittevernshensyn ynskjer me at flest mogleg bestiller billett via linken over, men det
blir også anledning til å kjøpe billett ved inngang.

Ingebjørg Andrea har ei enorm stemme, ein heilt spesiell formidlingsevne og ei sterk personleg historie å fortelja. I tillegg er ho kjend for sitt sprudlande vesen som publikum lett blir glad i. For dei fleste er ho kanskje mest kjent frå "The Voice" som gjekk på TV2 i vår, men i 2013 var ho òg med i Idol der ho kom heilt til semifinalen. Ingebjørg har fast korist for Hanne Krogh dei siste åra og i 2009 var var ho med i "Team Hanne" i "Det Store Korslaget på TV2. Ho har òg vore på turnè i USA med gospelkoret Voice of Joy, opptrådd på Daystar TV, hatt konsert med Patrick Henderson, vore i oppvarmingskor for Kirk Franklin. Opp gjennom åra har ho jobba med norske artster som VAMP, Hellbillies, Susanne Sundfør og mange fleire. Ingebjørg er født og oppvaksen på Karmøy og er i dag gift og buset på Bømlo.

Simon Madsen begynte å spela allereie då han var 4 år gamal og som 10-åring skreiv han sin første klassiske komposisjon. Simon er i dag eit fyrverkeri av ein musiker som beveger seg innanfor eit vidt spekter av ulike musikk-sjangrar, med eit spanande musikalsk utrykk som strekker seg heile veien fra det virituose til det mjuke og sarte, og han speler like gjerne klassisk kyrkjeorgel som jazzpiano. Dei siste åra har han blant anna spela for etablerte artistar som Solveig Leithaug, Ingrid Mjanger (Ophelia Hope), Solfrid Brekkå, Bjarte Leithaug, Eyvind Skeie og mange fleire, i tillegg til pianist og kappelmester i ulike gospelkor (Zenith, Kenanja, Decor og fleire). Han har dei to siste åra han fast musikalsk samarbeid med Ingebjørg Andrea. Simon er født, oppvaksen og busatt på Bømlo.

Powered by Cornerstone